
Det breie utdanningstilbodet gjer det mogeleg å gje eit allsidig og spanande tilbod til elevar med ulike ønsker og utdanningsbehov.
Skulestaden tilbyr følgjande utdanningsprogram:
- Design og handverk vg1. Frisørfag vg2
- Helse og sosialfag vg1. Barne og ungdomsarbeiderfag og Helsearbeiderfag vg2
- Idrettsfag vg1, vg2 og vg3
- Naturbruk vg1. Landbruk/gartnernæring vg2. Landbruk vg3
- Restaurant og matfag vg1. Kokk og servitørfag vg2
- Service og samferdsel vg1. IKT servicefag, Reiseliv, Salg/service/sikkerhet og Transport og logistikk vg2
- Studiespesialisering vg1, vg2 og vg3
- Teknikk og industriell produksjon vg1. Industriteknikk vg2
NYTT SKULEBYGG
Hausten 2010 kunne elevar og lærarar flytte inn i ein flott og nyrenovert skule. Som legg tilrette for gode læringsmiljø og godt læringsarbeid. Bygget er opna opp og er prega av mykje ljos. Klasseromma er trivlege og er tilpassa både mindre grupper og større klasser. På yrkesfag ligg klasseromma i tilknytning til praksisrom.

Skulen har flotte spesialrom som språklaboratorium, med tekniske løysingar av topp kvalitet. Naturfagsavdelinga er kraftig rusta opp og kjøkkenet er heilt nytt. I tilknytning til kjøkenet er det bygd eit demonstrasjonskjøken.

Skulen har ellers stor kantine

..... og stort bibliotek som ligg sentralt i bygget. Her finnes gode arbeidsplassar for den enkelte elev eller grupper

I tillegg finnes m.a mekanisk verkstad, IKT-verkstad, store arbeidsrom for Design og håndverk og frisørsalong.

Undervisning i kroppsøving og idrettsfag foregår i Ottahallen og på kunstgrasbana i Øya.

Praksisopplæring på naturbruk skjer i stor grad ute på gardar hjå praksisvertar i nærområdet.