Her kan du kjøpe deg noko å ete eller drikke, du kan ta med deg nistepakka di om vil, eller du kan berre sitte og slappe av. Mange elevar tar med seg PCen og set seg i sofagruppene lengst bak i lokalet. Der kan dei surfe trådlaust på Internett eller prate med medelevar.
Maten vi serverer er ofte laga på kjøkenet same dag, elles finn du fleire typar tørstedrikk og ulike mjølkeprodukt. Har du glømt matpakka di, kan du òg kjøpe deg formiddagsmat (lunsj) for ein rimeleg penge.
Kantina er åpen kvar skoledag:
kl. 07.30 – 09.30 og
kl. 10.30 – 13.30
Sjølv om kantina ikkje er åpen for servering, er rommet ikkje stengt og kan nyttast til opphaldsrom/studierom av dei som ønskjer det.