1886
Seinhaustes 1886 kom undervisninga ved skolen i gang. Ved starten var det 2 undervisningsstader: Ulekleiv og Kyrkjekrinsen.
I tillegg til snikring skulle det òg undervisast i bødtker- og skomakararbeid.
”Skolens Formaal er at virke for Undervisning i Haandfærdighet og vække Sands for Husflid blant Ungdommen”, slik står det i §1 i Regler for Haandgjerningsskolen for Dovre, frå 1886.
Den læraren som hadde høgast lønn, fekk kr. 2,00 pr. dag!
1903
Treskjeraropplæring i tilknytning til skolen blir sett i gang. Hans L. Lindsø Bergseng blir engasjert som lærar i treskjering med løn frå Kunstindustrimuseet. Det var ei føresetnad at det skulle sendast årsmelding til museet, og at det skulle haldast utstilling av elevarbeida ved skolen om våren. Dette var starten på den årlege ”Hjerleidutstillinga”.
1918
Til no hadde skolen berre hatt lokale elevar, og fleire tilhøve gjorde at situasjonen var vanskeleg for Hjerleid. I 1917 døydde Randine Hjerleid, og ho hadde testamentert nye kr. 20.000 til Dovre kommune, eit legat med namnet ”Haldor og Randine Hjerleids minde”.
Etter fleire omgangar med forhandlingar lokalt og sentralt, fekk skolen melding om at det var løyvd pengar både frå staten og fylket til drifta. Føresetnaden var mellom anna:
- utanbygds elevar kunne gå på skolen
- representantar frå staten, fylket og Dovre kommune skulle sitte i styret
- styrar og lærartilsettingar skulle godkjennast av KUD
1937
Hjerleids Husflidsskule blir det offisielle namnet på skolen frå no av. På folkemunne heitte skolen allereie frå starten av Hjerleidske, og det blir snikkaravdelinga kalla den dag i dag.
1948
Fylkesyrkesskolen på Dovre. Etter kapitulasjonen i 1945 stod eit halvferdig Arbeidstenesteanlegg der Hjerleid ligg i dag. Ønsket om å ta vare på dei verdiane som låg i dette anlegget var det fleire som tok del i. Stortingsmann Lars Moen, seinare statsråd i Kyrkje- og undervisningsdepartementet, var formann i fylkesskolestyret. Alle formelle vedtak var i orden sommaren 1947.
Skoleåret 1948/49 var skolen enno ikkje heilt ferdig, men frå 1949 vart det vedtatt varig driftsordning for skolen, og offisiell åpningsfest fann stad 19. november 1949.
1955
Elevtilgangen etter krigen var no så liten at undervisninga i Mosjordet vart mellombels lagt ned og flytt til Hjerleids Minne. Undervisninga kom aldri tilbake til Ulekleiv og Mosjordet.
1959
Fylkesyrkesskulen og Hjerleids Husflidsskule vart samordna med felles styre og administrasjon frå hausten 1959. Kyrkje- og undervisningsdepartementet og Oppland fylke fastsette retningslinene for samordninga.
1972
Gymnasklassene på Dombås blir oppretta som filialklasser under gymnaset på Vinstra. Frå 01.08.1977 blir desse klassene samordna med yrkesskolen på Dovre
1977
Lov om vidaregåande opplæring vart vedtatt i 1974, og la til grunn at alle yrkesskolar, husflidsskolar og gymnas skulle heite vidaregåande skolar. Fylkesyrkesskulen, Hjerleids Husflidsskule og Gymnasklassene på Dombås blir no slått saman til ein skole. Namnet blir Hjerleid vidaregåande skole.
1985
KUD tar ut Hjerleid vidaregåande skole som forsøksskole for EDB i Oppland fylke.
Skolen har i fleire år til no vore prega av at liner har gått tapt, medan få nye har kome til. Ei utvikling som etter dette berre har gått nedover. Skoleåret 1985/86 hadde skolen 44 lærarar og ein elevkapasitet på 306.
2000
Skolen samla under eitt tak på Dovre. Allmennfagavdelinga hadde frå hausten 1972 hatt tilhald på Dombås, i dei same lokala som Dovre ungdomsskole. Hausten 2000 var arbeidet med ombygging av skolen på Dovre ferdig, slik at også allmennfag kunne flyttast ned dit og samlokaliserast med resten av skolen.
Hjerleid Bibliotek er ei spanande samlokalisering mellom Dovre folkebibliotek og Hjerleid vidaregåande skole.
2003
Skolen feira 100-årsjubileet for Hjerleidutstillinga.
2004
1. januar 2004 var tida som sjølvstendig skole med eigen rektor over.
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule vart oppretta, og Hjerleid vart ei av dei 4 avdelingane til den nye skolen.
Frå og med hausten 2004 var det slutt på treskjerarutdanninga ved Hjerleid. Fylket som skoleeigar hadde fatta vedtak om at Hjerleid ikkje lenger skulle gi slik utdanning.
Fylket har bidratt til at undervisninga blir vidareførd av Handverkskolen, ein friskole oppretta av Senter for bygdekultur.