Musikk-, dans-, og dramalinja er klar for årets kyrkjeforestilling
Musikk-, dans-, og dramalinjas årlege Kyrkjekonsert er den største konserten denne linja på Vinstra Vidaregåande Skole arrangerer. Over 80 elevar bidreg med ulike innslag, både individuelle og saman.
Alt frå musikk, altså band og kor, til ulike typar dans, står på programmet, i den såkalla Gudbrandsdalsdomen, kyrkja i Sør-Fron.
Nokre av elevane er sjølve med å arrangere denne konserten, og elevane lærer mykje om produksjon og formidling gjennom dette.
Kyrkjekonserten står i sterk tradisjon for mange, ikkje minst for elevane, der både nye og tidlegare elevar samlast. Dette skjer ikkje lengje før jul, i slutten av november, og er ein for mange første påminning om jula.
Konserten er eit årleg høgdepunkt, og mange publikummarar finn vegen tilbake år etter år.
De er alle velkomne, til ei storslått førestilling fredag 26. november kl. 19:00!