Frå London for å undervise i dans
Heather Cupid (25 år) kom frå London til Vinstra til undervisningsstilling i dans.
Heather har bachelor-utdanning i dans frå London og kom til Vinstra vidaregåande skule sist veke for å undervise våre elevar og barn i kulturskulane i Gudbrandsdalen i dans. Ho var òg på besøk ein tur i juli for å sjå på forholda. Ho har budd i London heile sitt liv, så livet på Vinstra blir nok ei stor forandring. Men Heather seier at det er nettopp å erfare noko nytt som ho er komen for. Dei første dagane har vore ei positiv oppleving, og ho karakteriserer elevane sine som "lively".